Den store dagen

15. mai 2010 har vi planer om giftemål, og vi har difor laga denne bloggen der vi legg ut litt informasjon. Den store dagen tek til kl 12.00 i Giske kyrkje, for so å halde fram med bryllaupsfest på hotell Øye Union kl 17.00. Turen frå Giske til Øye vil ta ca to timar, men med flott sunnmørsnatur som bakteppe trur vi det kan bli ein flott tur i påvente av middagen. Etter kvart som bryllaupet nærmar seg, vil vi oppdatere bloggen med informasjon om reiserute, overnattingsmuligheiter og anna som kan vere nyttig å vite

lørdag 9. januar 2010

Overnatting

I forbindelse med bryllupsfesten på Hotell Union Øye, har vi reservert heile hotellet for gjestane. For dei av dykk som ynskjer å overnatte, vennligst ta kontakt med brudeparet.

Hotellet opererar med følgande prisar:
* 1900,- for dobbeltrom med frukost (1195,- om kun 1 person)
* 450,- pr pers i ”Fjellrom” (Køyesengrom med felles fasilitetar på gangen)
* 350,- pr pers i ekstraseng
* 150,- pr pers i barneseng

Dersom det vert behov for ytterligere overnattingsplassar, er det også mogleg å overnatte på ein gard 5-7 minutters gange frå hotellet.

For bilete av hotellet og roma, vennligst gå inn på deira nettside: www.unionoye.no


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar