Den store dagen

15. mai 2010 har vi planer om giftemål, og vi har difor laga denne bloggen der vi legg ut litt informasjon. Den store dagen tek til kl 12.00 i Giske kyrkje, for so å halde fram med bryllaupsfest på hotell Øye Union kl 17.00. Turen frå Giske til Øye vil ta ca to timar, men med flott sunnmørsnatur som bakteppe trur vi det kan bli ein flott tur i påvente av middagen. Etter kvart som bryllaupet nærmar seg, vil vi oppdatere bloggen med informasjon om reiserute, overnattingsmuligheiter og anna som kan vere nyttig å vite

lørdag 9. januar 2010

Reiserute

Etter vigsla og ein kopp kaffe på kyrkjegarden, ber det innover mot Øye. Det er to moglege reiseruter, men vi anbefalar å køyre om Stranda, då ferjetilbodet er mykje betre her. Vi har også lagt ved eit kart som viser vegen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar